Om oss

Velkommen til  garden UnderAsken på Sundsbø


Garden på Sundsbø har vore i drift med villsau sidan 1990 og hovudhuset ligg under ein stor ask.


Driften på garden er no basert på villsau primært for å halda naturlandskapet i hevd, og at det er kjekt å sjå at det er liv og røre på garden.  


Det er og geiter på Langøy, som er ein del av garden.  


Nokre høner er her også.  Ingenting smaker betre enn egg frå frittgåande høner.